SLEKTSHISTORIE

Lokkertsen, Ernst

Født: 29.09.1931 - Karlsøy, Troms, Norge Bilde
Album:
  Album for Ernst Lokkertsen
Død: 05.09.2003 - Narvik, Nordland, Norge - 71 år gammel
Andre navn personen er/har vært kjent under Ernst Lockertsen har vært mest i bruk. Lokkertsen har vært ansett å være feilregistrering i folkeregisteret. Brødrene har alltid brukt form med ck.

Beskrivelse av liv/levned: Ernst Lockertsen blei fødd i 1931 på Hansnes i Karlsøy kommune. Han var nest yngst i en ungeflokk på seks gutar. Faren var mykje borte på fiske, og det var fiske han først starta med som tenåring. Han var m.a. på håkjerringfiske i Barentshavet før han byrja på lærarskulen i Tromsø på femtitalet.

Der møtte han Brit-Lajla og etter at dei var ferdige på skulen, gifta dei seg og flytta etter kvart til Narvik. Der fekk han to døtre og ein son.

Ernst arbeidde i barneskulen i Narvik i mange år og mange som har vokst opp i Narvik har hatt han som lærar. Han jobba også som undervisningsinspektør ved Tårnveien skole i fleire år.

Han tok opp akvarellmaling allereie på femtitalet og blei etter kvart ein svært aktiv lokal kunstnar som hadde mange utstillingar og var også representert på Nordnorsken og andre jurierte utstillingar.

På åttitalet tok han permisjon frå skulen og arbeidde som kunstnar på heiltid og hadde sitt eige atelier og galleri i Narvik.

Han var opptatt av lys og landskap, men malte også gjerne abstrakt.
Han malte heile livet med akvarellfargar, men malte også ein del med akrylfargar, og hadde også eit utsmykningsprosjekt der han malte eit stort bilde av malmanlegget i Narvik som var utstilt i Vinmonopolet sine gamle lokaler i Narvik.

Han var ellers glad i friluftsliv og fiske og trivdes kanskje aller best på hytta på Hekkelstrand. Han var glad i å bruke hendene og delvis teikna og bygde sjølv både huset i Narvik og hyttene ved Skogvannet og på Hekkelstrand.

Han fekk diagnosen kreft i bukspyttkjertelen i juli 2003 og døde 5. september same år.

Wikipedia: http://no.wikipedia.org/wiki/Ernst_Lockertsen

Partnere
Nytt forhold
Ektefelle:
Brit Lajla Johnsen
Barn
Nytt barn
Holger Lockertsen
Tone Lokkertsen
Siri Nan Lokkertsen
Foreldre:
Nanna Petrea Olsen
[Tre] [Info]
Peder Martin Olsen
[Tre] [Info]
Elvine Severine Wilhelmsen
[Tre] [Info]
Wilfred Rinaldor Marinius Lokkertsen
[Tre] [Info]
Anton Laurits Lokkertsen
[Tre] [Info]
Susanna Marie Jacobsdatter
[Tre] [Info]
Søsken Gjermund Thor Lockertsen
Werner Nikolai Lockertsen
Sigmund Henrik Lockertsen
Terje Lockertsen
Arnold Martin Lockertsen
Siste oppdatering: 28.01.2009 kl 09:41
Endre info - Legg til bilder - Legg til kilde
Kommentarer
Ingen
© 2018 Holger Lockertsen - slekt @ lockertsen.no