SLEKTSHISTORIE

Hjelp og tips ved registrering av personar

Når du registrerer personar er det ein del ting å hugse på.

Ikkje ha hastverk ved registrering, men sørg for at alt er korrekt før du går vidare!

Bruk ein nyare nettlesar!
Eg tilrår Firefox, men bruk i det minste Internet Explorer 7 eller nyaste versjon av Opera. Firefox er raskare på ein del funksjonalitet enn Internet Explorer.

Ingen enkle personar.
Personar må registrerast med ein eller annan relasjon til minst ein annan person i basen - son/dotter, forelder eller partner/ektefelle/sambuar.

Familienamn på kvinner
Fyll ut pikenamn som familienamn på kvinner. Legg inn nytt namn i "Andre navn"-feltet med forklaring i parantes.
Eks: Pippi Langstrømpe (gift)

Registrer begge foreldra først - deretter barn.
Det gjer registreringsprosessen enklare

Forhold
Forhold mellom personar blir ikkje registrert automatisk sjølv om to personar har barn saman. Det må leggjast til manuelt. Det gjerast frå personskjema til ein av partane.
Mrk: Dersom ein mann og ei kvinne er registrert med eit forhald, vil dei begge bli førehandsutfylt når ein klikkar på "nytt barn" på ein av dei.

Ukjent dødsdato
Dersom ein person er daud, men du ikkje veit dato eller årstal, sett inn spørsmålsteikn, slik at systemet handsamar personen som daud.


Personar som har bytta namn.
Fyll ut gjeldande namn, og legg gamle namn i "Andre navn"-feltet.

Fødselsstad, dødsstad
Fyll ut med "Stad, Kommune, Fylke, Land".

Stor forbokstav
Bruk stor forbokstav i namn på personar og stader!

© 2017 Holger Lockertsen - slekt @ lockertsen.no